Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Intergreringskoordinator for introduksjonsprogrammet

Vinje kommune har ledig inntil 100% fast stilling som integreringskoordinator for introduksjonsprogrammet frå 01.09.18 ID 1561
Søknadsfrist 08.08.2018

Introduksjonsprogrammet er eit to-årig program for nykomne flyktningar. Innhaldet i programmet er norsk, samfunnsfag og språkpraksis. Introduksjonsprogrammet har eit nært samarbeid med vaksenopplæringa i Vinje som for tida er plassert ved Åmot skule. I rolla som integreringskoordinator vil du få kontorplass på Åmot skule og saman med rettleiar vil du få ansvar for å drive Introduksjonsprogrammet etter gjeldande lovverk for introduksjonsordninga.

Ansvarsområde:
 Utforme mål, delmål og tiltak i deltakaranes individuelle plan
 Rapportering – skrive søknadar
 Rettleiing og oppfylging av deltakarar i Introduksjonsprogrammet
 Koordinering av samarbeid mellom ulike aktørar og instansar
 Fylgje opp deltakarane i skule og praksis
 Vere ein pådrivar for at flyktningane tek Vinje i bruk med tanke på friluftsliv
 Fatte vedtak i etter gjeldande regelverk og lov om sosiale tenester
 Utvikle og setje i gang tiltak for flyktningane i samarbeid med dei andre kommunale einingane, offentlege etatar og andre lag / organisasjonar

Kompetansekrav:
 Minimum 3-årig utdanning frå høgskule/universitet. Det er ein fordel om utdanninga er relevant for stillingas fagområde – fleirkulturell forståing
 Er friluftsinteressert og ein ressurs for flyktningane på det området
 Kunnskap om gjeldande lovverk for introduksjonsordninga og andre støttetenester
 Erfaring frå informasjon, rettleiing og brukaroppfylging
 God skriftelg og munnleg framstillingsevne
 Gode kunnskapar i bruk av IKT- verktøy
 Særleg relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet

Me ynskjer at du har:
 Fleirkulturell kompetanse og erfaring med bruk av tolk og tolketenester
 Positivt menneskesyn og toleranse for menneske frå ulike kulturar og ståstadar
 Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt i eit dynamisk arbeidsmiljø
 Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne og gode evne til å bygge relasjonar
 Serviceinnstilt og utåtvend med godt humør

Me kan tilby:
 Løn etter avtale
 Varierte og spanande arbeidsoppgåver
 Eit positivt og godt arbeidsmiljø
 Gode barnehagetilbod
 Hjelp til å skaffe rimeleg husvære
 Gode forsikrings og pensjonsordningar

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og arbeidserfaring frå tilsvarande arbeidsområde ved tilsetjing. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Me ber om at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema
og at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer stillinga.

Politiattest må visast fram ved tilsetting - jf. § 10-9 i opplæringslova, og i samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Nærare opplysingar om stillinga ved skulesjef André Johannessen tlf. 41044168 – andre.johannessen@vinje.kommune.no eller Anders Sandvik tlf. 95407593 – anders.sandvik@vinje.kommune.no

Velkomen som søkjar!
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk