Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Plan- og beredskapsrådgjevar

100 % fast stilling som plan- og beredskapsrådgjevar frå snarast – ID 1471
Søknadsfrist 06.10.2017

Arbeidsoppgåver (vil mellom anna vera)

• Knytt til arealplanlegging: 
o   Overordna kommuneplanlegging (planstrategi, samfunnsdelen i kommuneplanen, arealdelen i kommuneplanen, kommunedelplanar)
o   Temaplanlegging (planar og prosjektarbeid knytt til verdensarvstatus, verneområde, stigar og løyper, vatnressursforvaltning, energi- og miljø, ...)
o   Arealplanlegging (utarbeiding og sakshandsaming av eigne og innsendte reguleringsplaner, delings- og dispensasjonssaker)
• Knytt til beredskapsarbeid:
o Vedlikehald av krisestøtteverktøyet CIM, oppdatering av kommunenes overordna krisehandteringsplan, samt underliggande planar for evakuering, revisjon og oppfølging av ROS-analyse m.m. 
o Opplæring og trening av brukarar.

Kvalifikasjonar

• Relevant høgskule eller universitets utdanning (planfagleg bakgrunn vil bli vektlagt)
• Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt

Eigenskapar

• Evne til å arbeide sjølvstendig og ha gode administrative eigenskapar
• Evne til samarbeid
• Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar til fagleg godt arbeid

Me kan tilby

• løn etter avtale 
• gode forsikrings- og pensjonsordningar
• gode barnehagetilbod
• kommunen kan hjelpe til å skaffe bustad. 

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling i eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø. 
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga blir gjeve av plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik e-post: gryak@vinje.kommune.no eller mobil 928 50 037.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk