Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykologspesialist/psykolog

Rehabiliteringssenteret AiR og Vinje kommune etablerer no ei spennande, nyskapande stilling for psykologspesialist/psykolog. Stillinga er delt 50/50 mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. Dersom aktuelt gjev stillinga høve til spesialisering innan samfunns- og allmennpsykologi.

Søknadsfrist: 6. august 2019

Rehabiliteringssenteret AiR - klinikk

Me arbeider i team med lege, psykolog/samtaleterapeut, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Saman støttar me deltakarane våre ut frå ei heilskapleg tilnærming til endringsprosessar.

AiR-klinikk har i dag totalt fem stillingar for psykolog/samtaleterapeut.

Arbeids- og ansvarsområde:

Medverke til å legge til rette for auka arbeidsdeltaking for personar med samansette plager og nedsett arbeidsevne ved betre forståing for eigne ressursar og auka mestringskjensle gjennom:
•Individuelle konsultasjonar
•Undervisning
•Tverrfagleg sparring og samarbeid

Klinikken er samlokalisert med Nasjonal kompetanseteneste for arbeidsretta rehabilitering.
  

Vinje kommune

Kommunepsykologen skal ivareta eit breitt spekter av arbeidsoppgåver som fordeler seg i fem hovudgrupper: System- og samfunnsretta arbeid, rettleiing og fagstøtte, helsefremjande og førebyggjande arbeid, lågterskel behandling og oppfølging og tverrfagleg/fleirfagleg samarbeid. Eit særleg fokusområde er barn og unge.

Arbeid og ansvarsområde:

Stillinga er nyoppretta og du vil få høve til å deltaka i utforminga av arbeidsoppgåver, med utgangspunkt i kommunens behov og din kompetanse og interesser.


Faglege kvalifikasjonar:
•Erfaring med individuelle samtaleforløp. Det er ei føremon om du har erfaring innan kognitiv metodikk.
•Interesse for tverrfaglege funksjonsvurderingar.
•Interesse for undervising og gruppeprosessar.
•Teamspelar som kan gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog.
•God skriftleg framstillingsevne.
•God evne til samarbeid.
•Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr:
•Innhaldsrike og gjevande arbeidsdagar
•Høve til fagleg utvikling både internt i organisasjonane og gjennom kurs, etterutdanning og spesialisering
•Topp arbeidsmiljø
•Fantastisk natur og omgjevnader
•Hjelpe til å skaffe bustad
•Konkurransedyktige vilkår
•Rehabiliteringssenteret AiR har arbeidsgjevaransvaret for stillinga.

Praktiske opplysingar
Type tilsetting: Fast 100%
Arbeidstid: Dagtid
Oppstart: Etter avtale
Arbeidsstad: Rehabiliteringssenteret AiR og Vinje kommune.
Søknad leverast via nettløysinga: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/ 


For meir informasjon, kontakt:

Leiar AiR-klinikk, psykolog Matias I.S.W. Nielsen, tlf. +45 61 30 63 15, e-post: matias.i.s.w.nielsen@air.no eller direktør AiR, Svein Kostveit, tlf. 480 37 560, e-post svein.kostveit@air.no

Helse- og omsorgssjef Vinje kommune, Kari Dalen, tlf. 478 99 710, e-post kari.dalen@vinje.kommune.no eller avdelingsleiar psykisk helse og rus, Carsten Hald, tlf. 909 37 093, e-post carsten.hald@vinje.kommune.no
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk