Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fagarbeidar/assistent ved Edland skule og SFO

Inntil 100% vikariat som fagarbeidar/assistent i skulen og SFO frå 15.08.2019 – 31.07.2020 – ID 1656.
Søknadsfrist: 06.06.19

Me ynskjer fagarbeidarar / assistentar som har fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevne og som viser fleksibilitet, engasjement og arbeidsglede
  • Utdanning og erfaring frå liknande arbeid
  • Evne til å skape gode relasjonar til elevar og vaksne

Arbeidsoppgåver:

  • Assistent i skulefritidsordning
  • Assistent i skule med einskildelevar / grupper / klasser
  • Arbeid i skule og SFO med elevar som har spesialundervisning
  • Skulematordning

Me kan tilby:

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Gode barnehagetilbod

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Me ber om at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjema og at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer stillinga.

Politiattest må visast fram ved tilsetting - jf. § 10-9 i opplæringslova, og i samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysingar om stillinga ved fungerande skulesjef Rune Sudbø Tveito tlf. 409 15 955 – rune.tveito@vinje.kommune.no

Velkomen som søkjar hjå oss !


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk