Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vinje reinhald og tekstil

Vinje reinhald og tekstil
80% fast stilling som reinhaldar frå 03.09.18 – ID 1560
Søknadsfrist: 15.08.18

Stillinga er for tida plassert ved Vinjehuset / idrettsanlegg. Arbeidsoppgåver er dagleg og periodisk reinhald av idrettsanlegg, symjehall med garderobar og andre lokale. 
I perioden 1. juni og fram til medio august kan arbeidsoppgåvene bli flytta til andre kommunale bygg i Åmot. 


Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
• Ynskjeleg at søkjar har fagbrev som reinhaldsoperatør
• Relevant praksis
• Gode haldningar – kommunikasjons – og samarbeidsevner
• Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
• Evne til å vera fleksibel og ha stor arbeidskapasitet
• Søkjar må ha norskkunnskap tilsvarande B1 
• Arbeidsmåte som er retta mot løysingar og kvalitet på utføring av tenestar 

Me kan tilby:
• Løn etter gjeldande tariff
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar
• Medarbeiderar frå ulike nasjonar, høg trivsel og mykje humor

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysningar om stillinga ved Anne Langen tlf. 95086435 eller epost
anne.langen@vinje.kommune.no 

Søknad vert å sende på elektronisk skjema.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk