Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Arbeidsretta rehabiliteringspoliklinikk

Poliklinikk for arbeidsretta rehabilitering (ARR) har inngått samarbeid med Vinje kommune om å koma til Vinje for å gjennomføre tverrfagleg kartleggjing og oppfylgjing lokalt, slik at innbyggjarane som er tilvist ikkje treng reise til Porsgrunn.

Arbeidsretta rehabiliteringspoliklinikk er eit tilbod til personar med uspesifikke muskel/skjelettplager og lettare psykiske plager og som er sjukmeld eller i ferd med å falle ut av arbeid. Det handlar om medisinsk rehabilitering samstundes med at det vert sett i gang prosessar retta mot arbeidsplassen. Eit viktig verkemiddel er å etablere gode og robuste samhandlingsrutiner mellom arbeidstakar, arbeidsgivar, NAV, spesialist- og primærhelsetenesta for å oppnå styrka arbeidsdeltaking og lågare sjukefråvær.

Meir informasjon om Arbeidsretta rehabiliteringspoliklinikk kan du finne her. 

Torsdag 5. oktober hadde Vinje fyrste besøk av det tverrfaglege ARR - teamet med kartlegging av fleire innbyggjarar som var tilvist frå lokale fastlegar. Oppfylginga vil føregå i nært samarbeid med NAV, psykisk helse, frisklivssentral, fastlege og arbeidsgjevar.

Dersom du tenkjer at dette tilbodet er noko for deg, ta kontakt med fastlege for å få meir informasjon.

ARR VinjePå bilete er nokon av dei som deltok på fyrste kartleggjingsdag, både frå Vinje Kommune, NAV Vinje/Tokke og teamet frå ARR Arbeidsretta rehabiliteringspoliklinikk.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk