Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Delar du brønn med naboen ?

No skal alle små vassforsyningssystem registrerast

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hjå Mattilsynet. Dette gjeld også dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no.  
 
Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen.

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerar du vassforsyningssystemets plassering ved å markere staden i eit kart, og det er bare nokon få tilleggsspørsmål som skal svarast på.  
 
Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet.

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ein slik oversikt kan for eksempel vere uunnverleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det muleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.   
 
Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem.

I januar 2017 kom ein ny drikkevassforskrift, som satt tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystema skal vere registrert står i drikkevassforskrifta § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevassforskrifta § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gir nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.  
 
Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med Mattilsynets sentralbord på 22 40 00 00, og spør om å få snakke med din lokale avdeling.


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk