Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bruk av luftfartøy i samband med storviltjakt

Kommunen har opna for at det i samband med storviltjakt utanfor Hardangervidda nasjonalpark kan gjevast løyvet til bruk av luftfartøy


Dersom de ynskjer å nytte luftfartøy i samband med storviltjakt må de i medhald av motorferdsellova §6 søkje kommunen om løyve.

Alle søknadar må innehalde informasjon om området for løyve. Landingsplassar skal tydeleg avmerkast i kart, med namn og korrekt gards- og bruksnummer. Manglande informasjon vil føre til at søknaden blir returnert og sakshandsamingstida forlenga. 


For å vera sikker på at søknaden vert handsama før jaktstart ber me om at fullstendig søknad sendast kommunen innan 04.08.2017 for reinsjakt og 31.08.2017 for hjort- og elgjakt. 

Søknadsskjema finn du her.


For spørsmål knytt til bruk av luftfartøy innanfor Hardangervidda Nasjonalpark kan du ta kontakt med tilsynsutvalet for Hardangervidda- Tinn kommune v/Bjørn Bjørnsen tlf: 995 67 846.

Berunuten - gevir
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk