Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Dialyse i Åmot

I dag har me opna dialyseeining ved Helsesenteret i Åmot.

Tilbodet har kome i stand i samarbeid mellom Vinje kommune og Sjukehuset Telemark HF. Eininga har tre dialysestolar, og gir tilbod til tre pasientar tre dagar i veka. Pasientane kjem frå tre ulike kommunar i Vest-Telemark.
Fyrste behandling var 4. april, og starten har gått utan problem. Me er stolte av å kunne gje eit slikt tilbod lokalt, og gje dei som er avhengige av dialyse eit tilbod som gir dei mindre reiseveg enn dei har hatt. Samstundes er det flott å kunne bygge kompetanse lokalt og tilby våre tilsette nye og utfordrande oppgåver.

Fire sjukepleiarar har no gjennomførd tre månaders opplæring ved sjukehuset på Rjukan og i Skien. Det er desse fire som skal stå for behandlinga, i samarbeid med kompetanse frå sjukehuset. Dette er samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta i praksis!

Dialyse i ÅmotFrå venstre: Sjukepleiar Emilie Narvestad, Ellen Moland, Eva Nygard, Marit H. Bråstøyl, og pasient Bodil Hagen
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk