Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Det digitale radioskiftet er i gang

For deg som bur i Telemark, Buskerud, Hedmark eller Oppland, blir NRK sine radiokanalar sløkt på FM 26. april. Dei kommersielle, riksdekkjande kanalane, og einskilde lokalradioar, følgjer etter 16. juni.
Lokalradioane i Telemark vil fortsette på FM akkurat som før. I fyrste omgang til 2022.

Når det digitale radioskiftet er ferdigstilt, vil du kunne lytte til riksdekkjande kanalar via DAB-nettet, nettradio og appar på mobil eller tv. Mange lokalradioar vil framleis sende på FM også etter 2017. Med unnatak av Radio Norge og P4, som blir sende på DAB (utan pluss), blir no alle riksdekkjande kanalar sende på DAB+. 
Er du klar?
Dei fleste DAB+-radioar kan ta inn sendingar på DAB (utan pluss) og FM. Dersom du allereie har ein DAB+-radio, tilrår vi deg å oppdatere kanallista med jamne mellomrom for å fange opp tekniske oppdateringar og nye kanaltilbod. Dette kan du gjere ved først å trekkje ut antenna og gjennomføre kanalsøket «scan», «full scan», «rescan» eller liknande. Dersom du ikkje finn denne funksjonen, rår vi deg til å lese brukarrettleiinga og eventuelt kontakte forhandlar.

Dersom du skal skaffe deg digitalradioutstyr til heimen, hytta eller bilen, er det greitt å vere førebudd på at etterspørselen av apparat og monteringstenester kan auke rundt sløkkjedatoane. 
Det er lurt å hugse på er at ei god antenne og riktig montering av denne, kan vere avgjerande for at du får ei god lyttaroppleving. Det finst mange ulike løysingar på marknaden, så ta kontakt med forhandlarar og monteringsverkstader når du skal velje. Hugs at gamle radioar som du ikkje ønskjer å behalde, kan leverast til gjenvinning hos alle radio-forhandlarar og på returstasjonar.

Treng du meir informasjon?
På nettsida www.medietilsynet.no/digitalradio  har vi mykje informasjon om det digitale radioskiftet. Du kan også sende spørsmål til digitalradio@medietilsynet.no


Informasjonsplakat

Slukkeplan

epostbanner
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk