Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Forskrift om rett til tildeling langtidsopphald

Vinje kommunestyre vedtok i møte 22. juni i år lokal forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad tilrettelagt for heildøgns tenester, kriterie og ventelister

Bakgrunnen for at denne forskrifta har kome på plass er lovendringar i pasient- og brukarrettigheitslova og helse- og omsorgstenestelova. Desse tredde i kraft frå 01.01.2017, og kommunane fekk ansvar for å utarbeide lokal forskrift innan 01.07.2017.

Kommunane har gjennom lovverket ansvar for å sikre at innbyggjarane får naudsynte og forsvarlege helse og omsorgstenester. Tildeling og eventuelt avslag på søknad om opphald ved sjukeheimen og omsorgssentra er enkeltvedtak som det kan klagast på. 

Den nye forskrifta skal bidra til å sikre pasientar og brukarar sine rettar i høve til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester når dei har behov for det. Den skal også skildre korleis kommunen sikrar forsvarleg oppfylgjing av personar som står på venteliste til slike tilbod. Målet er god kvalitet og å leggje til rette for innsyn utan at dette går ut over personvern og teieplikt. 

Forskrifta omfattar fylgjande tilbod i Vinje

• Vinje sjukeheim- langtidsavdeling
• Rauland omsorgssenter
• Norheimstunet omsorgsenter (med unntak av bustader eigd av Flatlandslegatet)

Forskrifta finn du her.

Venteliste finn du her - denne blir oppdatert ved endringar. Pr i dag er det ingen på venteliste. 

Kontaktavdeling er Koordinerings- og tildelingskontoret tlf 35 06 25 54.

Omsorg
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk