Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Mødretreff på Trevet i Åmot

Me ynskjer velkomen til mødretreff kvar tysdag kl. 10:00-14:00 på Trevet (bibliotekbygget). Målgruppa er mødre med born i alderen 0-6 år.
Oppstart tysdag 25.september.

Me startar med song retta mot desse borna i 11-tida og et mat saman i 12-tida. Etter det, vil me opne opp for litt ulike aktivitetar som handarbeid, leiking med borna, nettverksbygging, baking og alt anne me vil drive på med. Kom når det passar og bli med på det du sjølv vil. Eit hyggjeleg avbrekk i ein travel kvardag.

Me har tilgjengeleg symaskin, piano, leiker og bøkar til born. Dette er eit sammarbeid mellom helsesyster, fysioterapeut, folkeakademiet og frivilligsentralen. 

Vegen blir til mens me går. Kom som du er med det du ynskjer å gjera, så gjer me eit forsøk på å få det til!


Born
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk