Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Tilskotsordning mot barnefattigdom 2019

Målet med den nasjonale tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. Ein skal ikkje stille krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge kostnader eller vera gratis.

Offentlege instansar, private aktørar og friviljuge organisasjonar kan søkje om midlar. Søknadsfrist 10.12.2018.

Vinje kommune har oppretta ein lovpålagt kommunal knutepunktfunksjon for tilskotsordninga. Kontaktperson er assisterande rådmann Anders Sandvik. Ta kontakt på  e-post anders.sandvik@vinje.kommune.no eller tlf. 954 07 593 innan 08.12.18.

Meir informasjon

Tilskotsordningas nettside
Regelverk for tilskotssordninga (Rundskriv 01/2019)
Rettleiar til regelverket
Søknadsprosess og årsplan
Barne-, ungdoms og familiedirektoratet
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk