Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Nytt om renovasjon og tilsyn/feiing av pipe

Ny forskrift for renovasjon og feiing-tilsyn frå 01.01.18. Dette inneber ein del endringar av gebyr for bustad- og fritidseigedomar.

Renovasjon

Den største endringa for bustad er at det ikkje lenger er redusert renovasjonsabonnement for dei bustadane som har hatt bringeordning over 500 m.

For fritidsbustadar er redusert abonnement for eigedomar over 2 km tatt bort.

Fylgjande dispensasjonsreglar er no aktuelle:

A. Redusert standardabonnement 
1) Miniabonnement – husstand som ikkje har meir enn ein person
2) Heimekompost
B. Det kan søkjast om fritak frå renovasjonsordninga når:
1) eigedomen ikkje er i bruk
2) eigedomen ligg meir enn 2 km frå køyrbar heilårsveg
3) bustadeigedom som er fråflytta seks – 6 månader eller meir og ikkje blir nytta som fritidshusvære, kan etter søknad få tidsavgrensa fritak i to – 2 år.

Søknadsskjema

Feiing- og tilsyn

Det har tidligare berre vore kommunal feiing og tilsyn på bustadar. Frå 01.01.18 gjeld ordninga for alle bygg som har installert pipe/eldstad. Det vil ikkje bli feiing/tilsyn av bustadar i 2018, berre fritidsbustadar. Eigar av fritidsbustader som blir feia i år, vil bli varsla i god tid før feiaren kjem. Meir informasjon finn du på heimesida til Vest Telemark Brannvesen.

Les meir i dei lokale forskriftene:
Lokal forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall mv i Vinje kommune
Lokal forskrift om feiing og tilsyn med fyringsanlegg, samt regulering av feiegebyr for Vinje kommune







  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk