Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ruskenaksjon og ryddeaksjon av marint avfall

Ruskenaksjonen 2019 

Det blir sett ut containerar på Haukeli industriområde og Rauland containerplass (Juvland) tysdag 7. mai kl 16.00 - 19.00. 

Her kan du som privatperson levere avfall som kjøl/frys, komfyrar, omnar, anna elektrisk materiell, samt møblar og større hushaldsavfall (ikkje tre/rivingsvirke).
NB! Ikkje farleg avfall som: måling, lakk, lim, olje og lignende eller dekk på felg.

Minner også om laurdagsope på avfallsmotaka siste laurdagen i månaden i mai, juni, juli og august kl 09.00 - 13.00. 

Ryddeaksjon av eigarlaust marint avfall

Renovest oppmodar om å bli med på nasjonal dugnad for rydding av eigarlaust marint avfall. Denne aksjonen pågår frå 29. april - 01. september 2019. Her kan ein søke om refusjon eller få levert gratis på avfallsmottaka, og det oppmodast uansett om å registrere arbeidet på "Ryddeportalen". 

Du kan lese meir om ordninga på Hold Norge Rent sine nettsider. 



Renovest
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk