Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Stenging av veg i periodar

Informasjon om stenging av vegar i samband med rehabiliteringsarbeidet som pågår ved Songa og Trolldalen dammar

Vegen til Naustnuten

Arbeidet med damfundament mot vestre vederlag på Songadammen pågår nå med utgraving av masser for påbygging av dammen. Massane har ein mektighet opp til ca 6 m frå vegbane og ned til fjell, noko som gjer at utgravinga vil omfatte delar av vegen til Naustnuten, og det vil difor vera nødvendig å stenge vegen i periodar.

Stenging av vegen blir i denne omgang vekene 35, 36 og 37. Etter denne perioden blir det etablert provisorisk veg som og kan nyttast til båtnausta på Naustnuten. Ber om at alle som har båtar på Naustnuten som skal nyttast i denne perioden tek dei med til Trolldalen. 

Ein ber om forståing for at det av omsyn til utføring av damarbeidet og persontryggleik må gjennomførast regulering av trafikk på vegen til Naustnuten. 

Vegen over Songadammen

Vegen over Songadammen vil vera stengt til arbeida er ferdige i 2020.


 



 
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk