Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

10 års jubileum for aktivitetskortordninga i Vinje kommune

Aktivitetskortordninga er eit lågterskeltilbod med stabil deltaking på rundt 40 % , dette året med ein ørliten auke med 236 deltakarar.

Målet er at dei tilsette skal ha ei god oppleving av å vera i aktivitet, som også har ein førebyggande helsegevinst og er gunstig for å førebygge sjukefråveret.

Kravet til å deltaka er at arbeidstakaren må ha trimma minst 45 min. to gonger i veka i gjennomsnitt det seiste året. Dei får eit gåvekort på 1000,- med 50 % stilling eller meir og gåvekort på 500,- for under 50 %. Gåvekorta blir nytta på dei lokale sportsbuiene i Edland, Rauland og Åmot. I tillegg blir fire flotte premiar gjevne av sportsbuiene trekt blant deltakarane.

Rådmannen seier at trimordninga vil halde fram med litt justering på premiar og gåvekort. Organisasjonen vil arbeide vidare med å motivere endå fleire til å vera med og å nå dei som ikkje allereie er i aktivitet. Han takkar og rosar dei lokale sportsbuiene, som stør opp med fine premiar og er med på overrekkinga.

Vinnarar 2018:

  1. Sigrid Breiseth, Øyfjell oppvekssenter – sykkel frå Sport1 Fristad, verdi 10.000,-
  2. Elisabeth S. Haagensen, Vinje Helse – reisegåvekort  kr 10.000 Herkules feriesenter ( kunne ikkje møte )
  3. Liv Heidi Negarden, Vinje Helse – gåvekort Rauland Fjellsport kr 5000,-
  4. Terje Haugen, Åmot skule – gåvekort MxSport Haukeli kr 5000,-


  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk