Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Spreke trimmarar i Vinje kommune

Aktivitetskortskortordninga til Vinje kommune er eit lågterskeltilbod med stabil deltaking over fleire år ( overkant 40 %, 236 stk i 2018). Ved jubileumsåret 2018/19 har det vore ein positiv auke til heile 261 deltakarar.

Vinje kommune ynskjer at tilsette skal oppleve ein god arbeidskvardag og jobbhelse. Målet med trimordninga er at dei tilsette skal ha ei god oppleving av å vere i aktivitet, som også har ein førebyggande helsegevinst og gunstig for å førebygge sjukefråvere ( totalfråvere fyrste kvartal: 6.62 % ).

Kravet til å deltaka er at arbeidstakaren må ha trimma minst 45 min to gonger i veka i gjennomsnitt seiste året. Premiane er gåvekort kr. 1200,- og kr 600,- utifrå stillingsstorleik. Gåvekorta vert nytta i dei lokale sportsbuine utifrå postadresse. I tillegg er det trekking blant deltakarane på fire flotte premiar frå sportsbuine og Vinje kommune.

Motivasjonsarbeid for å rekruttere fleire deltakarar
Ved jubileumsåret 2018 hadde Vinje kommune fokus på å motivere endå fleire til å deltaka og også å ta utfordringa med å nå ut til dei som ikkje har vore med i ordninga og som kan vera i risikosona. I samarbeid med Stamina Helse vart det gjeve tilbod om helsekontroll med fokus livsstil med kroppsanalyse til 18 tilsette. Tiltaket fekk økonomisk støtte frå NAV arbeidslivssenter. Det friviljuge brannvesenet vart også med i ordninga.

Det kan sjå ut som auka fokus på fysisk aktivitet og å førebygge helse har ført til endå fleire og spreke tilsette i Vinje kommune. Rådmannen takkar og rosar dei lokale sportsbuine som gjev fine premiar og er med på overrekkinga.

Vinnarar 2019
1.pr Sykkel levert av Sport1 Fristad verdi 12.000,- Anita Andersen, Åmot barnehage
2.pr Gåvekort Vinje kommune verdi 10.000,- Oddbjørg Hylland, Åmot skule.
3.pr Gåvekort MX Sport Haukeli verdi 6000,- Merete Neset, Reinhald og tekstil.
4.pr Gåvekort Rauland Fjellsport verdi 6000,- Gudrun N. Solbjør, Vinje helse og omsorg.





Frå ve. Oddbjørg Hylland, Gudrun N. Solbjør, Anita Andersen, Merete Neset, Jan Myrekrok, Eva Vistad og Tone Hild Sørland Lyslid.
Bak frå ve. Toril H. Kleiv Svalastoga, Margit Elise Karlsen, Kjersti Torvetjønn og Knut Seltveit.
  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk