Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Utbetringstilskot og etableringstilskot frå Husbanken

Vinje kommune har Husbankmidlar for vidare tildeling.

Bustadtilskot til utbetring/tilpassing av bustad

Tilskotet kan gjevast til utbetring av bustad som skal hjelpe til å gjere bustaden betre eigna for personar med nedsett funksjonsevne eller andre som har særskilde behov. Tilpassinga må vere hensiktsmessig og trongen for tilskot vert vurdert i samband med den økonomiske situasjonen for husstanden. Tilskotet gjeld ikkje rein vedlikehald. 

Etableringstilskot

Tilskott vert delt ut til einskildpersonar eller husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad. Ordninga er behovsprøvd, og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekne med å få tilskott. 

Startlån

Kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån i ordinære bankar. Lånet er behovsprøvd, og det vert stilt krav til at søkjar har langvarige problem med å finansiere kjøp av eigen bustad. Bornefamiliar er ei prioritert målgruppe for ordninga. Ein set som krav at søkjar har nytta mogelegheita til sparing innafor dei økonomiske rammene til den einskilde.

Søknader vert handsama fortløpande.

For meir informasjon om startlån, bustadtilskot og etableringstilskot på kommunen sine heimesider, Husbanken eller ta kontakt med sakshandsamar/bustadkonsulent på telefon 40907786. 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk