Fakta om kommunevåpenet
GEITEBUKKEN I KOMMUNEVÅPENET TIL VINJE KOMMUNE
Geitebukken er valt som motiv i kommunevåpenet til Vinje av fleire grunnar:
- Bukken har for oss dei mjuke verdiane som m.a. er skildra i Asmund O. Vinje sitt dikt ”Blåmann” – ein kjær og mykje brukt barnesong, med undertonar som skildrar tilknyting til dyr og menneske ein er glad i.
- Biologisk er geita eit smidig, lite kravstor og ikkje minst eit kraftsymbol- dette kan i overført meining symbolisere Vinje sitt energioverskot, som er ei viktig inntektskjelde for kommunen.
- Topografisk er Vinje ein fjellkommune, og geita har høyrt til mest i alle grendene opp i gjennom åra – særleg vil ein assosiere geiteflokkane med høgfjellsnaturen.
Turistane er opptekne av den kjælne, ”litt lure geita”, som er eit ynda fotomotiv.
Det er noko humørfylt over geita også.
- Estetisk er geitebukken dekorativ med kvasse liner i hakepartiet – broten av dei runde kraftfulle bukkehorna.
Geita vert lika av så vel born som vaksne.
Det er ikkje noko kontroversielt i symbolbruken i høve tid, generasjon eller ”ismer”.
Det ville vera rart om ikkje dei fleste kunne trivast med geita som eit kommunesymbol.
Sist oppdatert 25.02.2008