Helsingar til Vinje kommune
|
Som fritidsinnbyggjar i Rauland og kulturarbeidar vil eg gjerne ønskja dykk i Vinje kommune hjarteleg til lukke med utnemninga. På dei to åra me har brukt hytta vår i Rauland har me alt hatt stor glede av kulturtilboda i Vinje, både ulike tilskipingar rundt Raulandsakademiet, litteraturdagane, galleria og noko av den rike samlinga med lokalhistoriske utgjevingar.
Og ikkje for å skryta av meg sjølv, heller for å understreka at eg veit kva dette handlar om: Eg har jobba med ulike kulturaktivitetar heile livet. Er i utgangspunktet bibliotekar og er no biblioteksjef i Haugesund. Men i 15 år var eg ansvarleg for all kulturaktivitet i heimkommunen min, den vesle Sunnhordlandskommunen Sveio - som i den perioden (1994) vart kulturkommune i Hordaland, m.a. for satsinga på Galleri Ryvarden i Ryvarden fyr. Eg har og sete 4 år i styret i NOKU Rogaland. Og poenget er altså at eg meiner eg har gode føresetnader for senda dei varmaste gratulasjonane - det står respekt av ein slik utnemning. Og så motiverar det og lettar argumentasjonen for vidare satsing. Håpar og at denne og mange andre helsingar kan forlenga og forsterka gleda!
Eg gler meg til nye og fine kulturopplevingar i Vinje!
Helsing
Torill Borge Horneland |
|
Skien kommune, kulturavdelingen, gratulerer så mye med prisen Årets
kulturkommune. Både vel fortjent og hyggelig !
Fra Skien hilser alle som nyter godt av Vinje gjennom hyttelivet sitt i
kommunen (og det er noen det faktisk), samt fra alle kollegaer.
Nyt laurbærene ! Hilsen Alfhild og kollegaer
Alfhild Skaardal - kultursjef Skien kommune |
|
GRATULERER SÅ MYE SOM ÅRETS KULTURKOMMUNE!
Dette var virkelig flott, all mulig grunn til å være fornøyd.Håper dere unner dere litt feiring. Lykke til med videre arbeid.
Mvh
Eva Markset Lia Leder for utvalg Barn, unge og kultur i Porsgrunn.
|
|
Gratulerer så mye med hederstittelen "Årets kulturkommune"!
Nå er vi ekstra stolte over å kunne flagge med dere i Bæremeis-seminar-programmet vårt!
mvh
Eli L. Haugland Kultur, idrett og fritid Porsgrunn kommune |
Tillukke med utnemninga. FLOTT og fortent!
Helsing
Maria (nyss pensjonert kultursjef i Ål)
|
|
Gratulerer så mykje med utmerkinga til Vinje kommune som årets kulturkommune!
De er flotte framberarar av tradisjon, vidareføring og utvikling av kjerneverdiar og arbeidsånd i Telemark. Vinje kommune er eit viktig føredøme for andre distriktskommunar.
Helsing og gratulasjonar frå Torgeir Straand BLE Engineering AS Kongsberg
|
|
Det var kjempemoro! Gratulere i massevis, det er godt jobba!
Hilsen Egil Rye- Hytten tidlegare kultursjef på Notodden |
|
Vyrde vinbyggjer,
Gratulerer så mykje med utnemninga til årets kulturkommune!
Veldig gledeleg, og svært fortent.
Vonar dette er til stor inspirasjon i det vidare kulturarbeidet, av artikkelen i vtb i dag ser eg at det er nok å ta tak i og forbetre, nyttar ikkje å kvile på laurbæra.
Reknar med at dette også inspirerer dei andre kommunane i Vest-Telemark, i marknadssamanheng burde Vest-Telemark profilere seg som ein kulturregion.
Når eg er heime i joli, påska og i sommarferien ser eg det er brukbart med kulturstoff frå Vest-Telemark i TA og Varden, men det er ikkje det same å lesa om slikt på bokmål.
Er det mogeleg for kultursjefane i regionen å påverke avisredaksjonane?
Vyrdsamt
Audun Svartdal |
|
Gratulerer som årets kulturkommune!
Vennlig hilsen Musikernes Fellesorganisasjon Forbundet for utøvende kunstnere og pedagoger Hans Ole Rian Nestleder |
|
Hei Signe Marie.
Til lukke med utnemninga til årets kulturkommune. Det var vel fortent både for folk i Vinje og for deg.
Olav Høgetveit |
|
Tida flyr, så er jo allerede flere dager siden dere ble årets kulturkommune!!! Jeg vil bare gratulere så masse!! Dette er stas:-) Lykke til videre i arbeidet!
Vennlig hilsen
Anja Hjelset Leiar av hovudutval for kultur i Telemark fylke |
|
Rauland Historielag gratulerer Vinje som KULTURKOMMUNE 2009! Det var moro.
Styret i Rauland Historielag Åsta Østmoe Kostveit |
|
Hei Signe Marie!
Her kjem gratulasjon frå Tinn med den offisielle stadfestinga av at Vinje er Noregs fremste kulturkommune.
Det må vere moro for deg som kultursjef, men dette er sjølvsagt godt for sjølvkjensla hjå alle innbyggjarane i kommunen.
Vi er litt stolte som nabokommune og. Utnemninga forpliktar rådmannen og kommunestyret til styrking av kulturbudsjettet i tida som kjem.
Rune Lødøen Rådmann Tinn kommune |
|
Så hyggeleg at Vinje gjekk av med ”seieren” og kan titulera seg med årets kulturkommune i 2009.
Gratulerer så mykje, lykke til med året.
Eg hadde forresten gleda av å høyra Odd Nordstoga i Trondheim 3 febr. Han æ helten min!
Mvh. Asle Karlsson Bø Kultursjef Seljord kommune
|
Sist oppdatert 06.02.2009