Anleggsbidrag
|
Alle som vil koble seg på kommunalt vatn- og/eller avløp i området Austbø-Torvetjønn må betale eit anleggsbidrag og eit tilknytingsgebyr til Vinje kommune. Det same gjeld Vågslid, men her er det bare avløp som er aktuelt. Alle som bygger i dei aktuelle områda må betale anleggsbidrag for å få byggeløyve.
Kommunen sender ut ei avtale som den som bygger må underteikne og returnere. Deretter kjem det ein faktura frå kommunen. Den kjem litt seinare på grunn av at kommunen berre fakturerar ein gong i månaden.
Har du ei eldre hytte uten vatn/avløp og ynskjer å koble deg på, må ta kontakt med Tenestetorget i Vinje kommune.
Ein del av anleggsbidraget er momspliktig og ein del ikkje. Sjå nærare informasjon under prisar.
Reglar for anleggsbidrag
Prisar
|
Sist oppdatert 07.12.2009