Hyttefolk
To prosjekt som nå settes i gang i Tinn og Vinje skal styrke samhandlinga mellom fastbuande og hyttefolk for å vidareutvikle lokalt nærings- og kulturliv. Prosjekta skal gå over 3 år, og er fullfinansiert med støtte frå staten, fylkeskommunen og de to kommunane.
 |
Prosjektet 'Hyttefolket' i Tinn omfattar heile kommunen med rundt 3000 hytter, og har eit budsjett på 1,8 mill. kroner, mens prosjektet i Vinje som er knytt til 'Øyfjell City' vil koste 0,6 mill. og er avgrensa til Øyfjell-bygda med ca. 500 hytter og 300 fastbuande. Dei to prosjekta skal drivast i tett samarbeid for å dra gjensidig nytte av dei erfaringane som blir gjort etter kvart.
|
Bildet: Ole Dalen (t.v.), prosjektleiar i Øyfjell, Dorthe Huitfeldt, koordinator for Fjellregionsamarbeidet og Siri Strandrud, prosjektleiar i Tinn.
Småsamfunnssatsing
- Dette er pilotprosjekt som skjer i regi av fylkeskommunens småsamfunnssatsing, og det blir spennande å sjå resultat av arbeidet, seier rådgivar Sylvi Berg Holene, som er fylkeskommunens koordinator og tilrettelegger. Prosjekta er og knytte til Fjellregionsamarbeidet i Telemark, der Tinn og Vinje er partnarar saman med Telemark Fylkeskommune. Eit siktemål med desse pilotprosjekta er at dei skal bidra til erfaringsoverføring og læring, ikkje berre internt i prosjekta, men og til andre kommunar og fylkeskommunar. Samtidig med de to prosjekta i Telemark går et tilsvarande pilotprosjekt i Flå i Buskerud, som også skal delta i erfaringsutvekslingen.
Integrere hyttefolket
Målet med prosjekta er å utvikle tiltak for å integrere hyttefolket i lokalsamfunnet, noko som vil være til beste for begge parter. - Trenden viser at hyttene blir bruka på ein heilt anna måte nå enn før, og mange bur der nesten halve året. Desse menneska representerer store ressursar, kompetanse og omfattande nettverk, seier prosjektleiar Siri Strandrud i Tinn. - Det vi ønskjer er å legge til rette for at nokre av desse ressursane og kan brukast i lokalsamfunnet, både i næringsliv og kulturliv.
Må først kartlegge
- Vi vil ta kontakt både med hytteeigarar, hytteutbyggarar og med lokalbefolkning. Kva for tiltak vi legg opp til vil i høg grad vere avhengig av kva for ønskjer og tankar desse gruppene har, understrekar prosjektleiar Ole Dalen i Øyfjell-prosjektet. - Dersom dette er eit ønske frå hytteeigarane kan vi t.d. legge til rette for at det blir meir praktisk å bu på hytta, t.d. som betre kommunikasjon gjennom breiband. Det er eit mål å auke trivselen for alle, både hyttefolk og fastbuande, og gje bygda fleire innbyggarar og arbeidsplassar.
Fleire kategoriar hyttefolk
Hyttefolket er ingen einsarta gruppe, og i Tinn blir dei delt inn i tre hovudgrupper: Dei som kjøper fritidshus i Rjukan sentrum, dei som held seg i området rundt alpinanlegga ved Gaustablikk, og dei som har hytter i lågare terreng i kommunen. - Det fyrste vi må gjere er å skaffe kontaktpersonar og starte ei kartlegging. Vi ønskjer jo helst å få tak i nokre entusiastar som styrker prosjektet, seier Siri Strandrud. Tinn har fleire gonger vore pilotkommune for tilflyttings- og bygdeutviklingsprosjekt, og erfaringane og nettverket som er bygd opp er et viktig grunnlag for det nye prosjektet.
Sist oppdatert 06.06.2007