Bruksendring
GenereltDersom du ønskjer å få gjennomført eit tiltak som medfører bruksendring av bustaden/bygningen din, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet frå kommunen. Ei bruksendring kan til dømes vere å etablere eit eige husvære i underetasjen i bustaden der det før har vore soverom, hobbyrom eller liknande. Ei rein endring i bruk utan bygningsmessige endringar kan òg vere søknadspliktig. Eit døme kan vere eit uthus som blit teke i bruk som anneks. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar)). Det kan til dømes vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor den same brukseininga (til dømes å gjere om ei kjellarbu til kjellarstove) kan du søkje løyve om sjølv utan å engasjere eit firma. (Sjå Byggjetiltak på eigedom som det er bygt på).
I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). For å vere sjølvbyggjar må du godtgjere at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv.
GJELD FRÅ 01.07.10
MålgruppeHus- og bygningseigarar
Kriteriar/VilkårFor å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylde:
- Nabovarsling må vere gjort
- Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Anna informasjonStatens bygningstekniske etat
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
SakshandsamingstidEin søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og fråsegner frå ein annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, reknast løyvet for gjeve forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det kome protestar frå naboar/gjenbuarar, skal kommunen òg behandle saka innan tre veker. I slike tilfeller kan ikkje løyve reknast for gjeve dersom kommunen ikkje har gjort vedtak innan fristen.
Kommunen kan forlengje desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir forlenga, skal søkjaren få melding om dette så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halde.
Høve til å klageDersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå vedtaket er motteke. Du vel sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klaga for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lar kommunen avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.