Adressetildeling
GenereltOffisiell adresse skal tildelast bygningar som blir brukte til
- bustadformål
- fritidsformål
- næringsverksemd
- offentleg verksemd
Kommunen tildeler adresse eller endrar adresse når det er nødvendig, for eksempel
- når ein skal endre tilkomstvegar
- oppføre nye bygg
- det er vanskeleg å finne fram til ei adresse
Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eller gata eigedommen har tilkomst frå.
Ein eigar kan i spesielle tilfelle vende seg til kommunen dersom han/ho ønskjer å endre adressa på eigedommen sin.
Kommunen fastset skrivemåten på namnet.
MålgruppeEigedomseigarar
Kriteriar/VilkårAdressetildelinga skal omfatte bygningar som blir brukte til bustadformål, fritidsformål, næringsverksemd eller offentleg verksemd.
Eigarens høve til å få endra ei adressetildeling er avgrensa. Det vil normalt berre skje dersom kommunen har gjort ein feil eller dei faktiske forholda har endra seg (eigedommen har fått hovudtilkomst frå ei anna gate enn tidlegare).
Anna informasjonSøknadsfristSøknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
Høve til å klageDu kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageretten er avgrensa til a) kva for ei gate, ein veg eller liknande ein bygning eller eigendom skal ha adresse til, b) kva for eitt adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa og c) feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.