Godkjenning av offentlege dokument til bruk i utlandet
Generelt
For at eit norsk dokument skal vere gyldig i utlandet, må det førast på eit apostillestempel. Dette kan du til dømes trengje dersom du skal inngå ekteskap overfor utanlandsk myndigheit og ein av partane er norsk statsborgar, eller dersom du skal kjøpe eller selje eigedom i utlandet.
Dokumentet må først vere signert av ein notarius publicus (byfutembete eller tingrett). Apostillestempelet er ei legalisering av dokumentet og stadfestar at underskrifta til notarius publicus er ekte.
Pris
Apostillestadfesting er gratis. Du må likevel betale for eventuelle kostnader knytta til å framskaff eller kopiere dokument.
Anna informasjonNotarius publicusOm søknadsprosessenRettleiing
Ta kontakt med ambassaden for det landet du skal framleggje dokument i, og undersøk kva for dokument dei krev apostille på. For dokument du skal bruke i Norden, treng du ikkje apostille, berre stempel frå notarius publicus.
Apostillestadfesting får du hos Fylkesmannen ved å framvise tilstrekkeleg dokumentasjon (originale underskrifter).
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
Sist oppdatert:
08.02.2013
KONTAKTINFORMASJONTenestetorgetTelefon:
35062300
Telefaks:
35062301
Epost:
postmottak@vinje.kommune.noPostadresse:
Vinjevegen 192
3890 Vinje
Besøksadresse:
Kommunehuset
3890 Vinje