Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Eigarseksjonering - eksisterande bygg


GenereltEigarseksjonering er ein måte å organisere sameige av fast eigedom på. Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og bli lånt på uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriteriar/Vilkår

For å få etablert ein seksjon eller endre ein seksjon, må brukseininga (-ane) vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova for det føremålet eininga skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførte før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

  • Det må knytast einerett til bruk av brukseininga
  • Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengjande del av ein bygning på eigedommen
  • Inndelinga må gje ei føremålstenleg avgrensing av kvar brukseining

Anna informasjon

Statens bygningstekniske etat

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Send søknaden til:

Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje

postmottak@vinje.kommune.no

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

KONTAKTINFORMASJON
Tenestetorget
Telefon: 35 06 23 00
Telefaks: 35 06 23 01
Epost:
  tenestetorget@vinje.kommune.no
Postadresse:
  Vinjevegen 192
  3890 Vinje
Besøksadresse:
  Kommunehuset
  3890 Vinje
LOVAR OG FØRESEGNER
Eierseksjonsloven