Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Førehandskonferanse - gjeld fram til 01.07.10


Generelt

Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som byggherre ("tiltakshavar") og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for tiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som berre krev melding, kan du møte kommunen åleine. For søknadspliktige tiltak bør du ha med deg firmaet du har engasjert til å ta seg av heile søknadsprosessen ("ansvarleg søkjar"). Konferansen blir halde før ei eventuell melding eller ein søknad blir sendt til kommunen.

Målgruppe

Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova

Kriteriar/Vilkår

Kommunen pliktar å halde førehandskonferanse dersom du som byggherre ("tiltakshavar"), eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det.

Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjonar.

Anna informasjon

Statens bygningstekniske etat

Send søknaden til:

Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje

postmottak@vinje.kommune.no

Sakshandsamingstid

Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at tiltakshavaren har fremja krav om det.

KONTAKTINFORMASJON
Tenestetorget
Telefon: 35 06 23 00
Telefaks: 35 06 23 01
Epost:
  tenestetorget@vinje.kommune.no
Postadresse:
  Vinjevegen 192
  3890 Vinje
Besøksadresse:
  Kommunehuset
  3890 Vinje