Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar
GenereltFormålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at ein bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at ein har behov for grunnleggjande kvalifisering.
Den som er med på eit introduksjonsprogram, har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Deltakar under 25 år får 2/3 stønad. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Programmet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet.
MålgruppeNytilkomne flyktningar mellom 18 og 55 år som har fått innvilga opphalds- eller arbeidsløyve som lista opp nedanfor. Med nytilkomen reknar ein dei som har vore i landet under to år.
Kriteriar/Vilkår
- Personar som har fått asyl
- Overføringsflyktningar med innreiseløyve
- Personar som er innvilga opphalds- og arbeidsløyvee på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
- Personar som blir familiegjenforente med personar i dei gruppene som er nemnde over, som ikkje har vore busette her i meir enn fem år
Anna informasjonSøknadsfristFørespurnader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
SakshandsamingstidKommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin måned, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysninger om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte.
Høve til å klageDu kan klage på vedtak om
- tildeling av program/stønad
- vesentlege endringar i planen
- at programmet blir stansa
- godkjenning av permisjon
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.