Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon og tap av sau på beite - erstatning
GenereltErstatningsordningane har som formål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Det kan vere produksjonssvikt som skuldast klimatiske eller klimatisk avleidde forhold, eller katastrofeprega tap av sau på beite.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved
- avlingssvikt
- vinterskadar på eng
- svikt i honningproduksjonen
MålgruppeLandbruksføretak som
- er registrerte i Einingsregisteret
- er registrerte som meirverdiavgiftspliktige
- kan levere årsoppgåve som landbruksføretak
Føretak med honningproduksjon som ikkje er registrerte som meirverdiavgiftspliktige, kan likevel få erstatning dersom dei har hatt ein omsetnad på minst 20 000 kroner innanfor honningproduksjon dei siste tolv månadene før tapet som gjev rett til erstatning, oppstod.
Kriteriar/VilkårFor å få utbetalt erstatning er det eit vilkår at tapet ikkje kan dekkjast av ei allment tilgjengeleg forsikringsordning, eller at føretaket ikkje får dekt tapet på annan måte. For erstatning for klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon er det i tillegg eit vilkår at føretaket gjev melding til kommunen så snart som råd når det er grunn til å tru at eit tap som ein kan krevje erstatning for, har oppstått eller vil kunne oppstå.
Anna informasjonSøknadsfristFor erstatning for klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon er søknadsfristane
- ved avlingssvikt, 31. oktober det året skaden har oppstått
- ved vinterskade på eng, 15. juli det året skaden har oppstått
- ved svikt i honningproduksjon, 31. oktober det året skaden har oppstått
Søknadsfristen for erstatning ved katastrofetap er tre månader etter at skaden blei oppdaga eller burde vore oppdaga. For katastrofetap av sau på beite er søknadsfristen sett til 31. desember det året tapet har oppstått.
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
Høve til å klageDu kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Statens landbruksforvaltning. Før klaga blir sendt dit, skal Fylkesmannen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Statens landbruksforvaltning.