Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Automatisk freda kulturminne - løyve til inngrep


GenereltAlle kulturminne eldre enn år 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn. All byggje- og anleggsverksemd kan ha innverknad på automatisk freda kulturminne. Dersom du har eit slikt kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, øydeleggje, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne)så tidleg som mogleg før tiltaket blir sett i verk.Målgruppe

Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.

Kriteriar/Vilkår

Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje osv.

Anna informasjon

RiksantikvarenSt.meld.nr 16 (2004-2005) Leve med kulturminner

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Send søknaden til:

Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen/Sametinget. Dei vil ta stilling til om tiltaket er i konflikt med automatisk freda kulturminne, og i tilfelle sende saka vidare til Riksantikvaren.

Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje

postmottak@vinje.kommune.no

Sakshandsamingstid

Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er 6 veker. Klaga skal sensast til Riksantikvaren, som skal vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, blir klaga sendt vidare til Miljøverndepartementet.

KONTAKTINFORMASJON
Tenestetorget
Telefon: 35 06 23 00
Telefaks: 35 06 23 01
Epost:
  tenestetorget@vinje.kommune.no
Postadresse:
  Vinjevegen 192
  3890 Vinje
Besøksadresse:
  Kommunehuset
  3890 Vinje