Bruksendring - gjeld frå 01.07.2010
GenereltDersom du ønskjer å få gjennomført eit tiltak som medfører bruksendring av bustaden/bygningen din, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet frå kommunen. Ei bruksendring kan for eksempel vere å etablere eit eige husvære i underetasjen i bustaden der det før har vore soverom, hobbyrom eller liknande. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt.
I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar).
MålgruppeHus- og bygningseigarar
Kriteriar/VilkårFor å kunne setje i gang tiltaket må søknaden (eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylde:
- Nabovarsling må vere gjort
- Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Anna informasjonStatens bygningstekniske etat
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
SakshandsamingstidDen raskaste måten å få behandla eit søknadspliktig tiltak på, er å sende inn saka som eit såkalla "enkelt tiltak". For "enkle tiltak" må kommunen gje løyve innan tre veker. (Dette inneber ei vurdering av om tiltaket oppfyller krava til å vere eit "enkelt tiltak".) Dei viktigaste kriteria her er at ingen naboar har innvendingar, og at du har avtale med dei handverkarane (firmaa) som skal stå ansvarlege for gjennomføringa. Det blir difor kravt ein del arbeid før alle dokumenta sendast inn (ansvarsrettar, kontrollerklæringar osb.). Alle andre saker skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengjast dersom tiltaket er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve eller samtykke (vedtak) frå andre styresmakter.
Høve til å klageDu kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til kommunen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.