Brukarmedverknad i skolen
GenereltVed kvar skole skal det vere samarbeidsutval (grunnskolen), skoleutval (den vidaregåande skolen), elevråd (begge skoleslaga), skolemiljøutval (begge skoleslaga) og foreldreråd (grunnskolen).
Råda og utvala i skolen har rett til å uttale seg og komme med forslag i alle saker som gjeld skolen. Å arbeide for skolemiljøet vil vere ei sentral oppgåve for alle organa.
Alle utvala og råda skal til ei kvar tid vere orienterte om alle forholda som er vesentlege for skolemiljøet. Dei nemnde organa har på førespurnad rett til å få lagt fram dokumentasjon om det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen. Dei skal så tidleg som råd takast med i planlegging og gjennomføring av miljøtiltaka.
Dersom skolen blir klar over forhold ved skolemiljøet som kan ha negativ innverknad for elevane si helse, skal alle elevane og dei føresette snarast mogleg bli varsla om det.
Målgruppe
- Elevar og foreldre i grunnskole og elevar i vidaregåande skole
- Medlemmer av samarbeidsutval, skoleutval, elevråd, skolemiljøutval og foreldreråd
Kriteriar/VilkårRåda og utvala gjev brukarane (elevar og foreldre) forum for utveksling av meiningar og høve til å gje felles uttaler. Ingen av råda eller utvala har avgjerdsmynde. Dersom nokre av organa skal få avgjerdsmynde, må dette skje ved kommunal eller fylkeskommunal delegering.
Anna informasjonSend søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no