Elevar - det psykososiale arbeidsmiljøet
GenereltAlle elevar i skolen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle tilsette ved skolen har plikt til å undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn dersom dei får kjennskap til eller mistanke om mobbing, vald, rasisme eller anna krenkjande åtferd. Skolen har plikt til å ta stilling til oppmodingar om tiltak frå elevar og føresette som gjeld det psykososiale miljøet, og skal innan rimeleg tid gjere skriftleg vedtak.
Målgruppe
- Elevar i grunnskolen og vidaregåande skole
- Elevar som nyttar skolefritidsordninga
Anna informasjonSend søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
SakshandsamingstidSkolen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Høve til å klageNår det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken.
Dersom skolen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer eit vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak.
Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skolen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.