Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Religion, livssyn og etikk- melding om delvis fritak


Generelt

Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skolefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skolen skal vise respekt for elevane og foreldra sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre eller elevar opplever som problematisk.

Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Skolen skal ved fritak leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen.  Det vil seie at eleven skal få same kunnskap som dei andre elevane, men på ein annan måte. Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding. Fritaksretten gjeld alle skolefag. Skolen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Målgruppe

Elevar og foreldre til elevar

Kriteriar/Vilkår

Foreldre eller elevar som opplever at undervisninga

  • er utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn
  • er støytande eller krenkjande
  • Anna informasjon

    Send søknaden til:

    Meldinga leverast til den skolen eleven går på.

    Vinje kommune
    Vinjevegen 192
    3890 Vinje

    postmottak@vinje.kommune.no

    Høve til å klage

    Dersom skolen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

    KONTAKTINFORMASJON
    Tenestetorget
    Telefon: 35 06 23 00
    Telefaks: 35 06 23 01
    Epost:
      tenestetorget@vinje.kommune.no
    Postadresse:
      Vinjevegen 192
      3890 Vinje
    Besøksadresse:
      Kommunehuset
      3890 Vinje