Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Omsorgsovertaking av eit barn


Generelt

Grunnlaget for at det offentlege overtar omsorgen for eit barn, er at foreldra på ein eller annan måte ikkje har kunna gje god nok omsorg til barnet. Omsorgssvikten må dokumenterast slik at vilkåra for omsorgsovertaking i lova er oppfylte. Det må vere nødvendig å overta omsorgen for barnet ut frå den situasjonen barnet er i. Vedtak om omsorgsovertaking gjerast av fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Eit slikt vedtak kan ikkje gjerast dersom det kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet ved hjelpetiltak.

Barnevernstenesta skal kort tid etter at dei har overteke omsorga for eit barn, kontakte foreldra med tilbod om rettleiing og oppfølging. Barnevernstenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre foreldra si omsorgsevne slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogleg.

Foreldra kan krevje av vedtaket om omsorgsovertaking blir lagt fram for tingretten for rettsleg prøving.

Målgruppe

Familiar der barnet/borna opplever eller kan komme til å oppleve skadeleg mangel på kontakt, stabilitet og "forutsigbarhet".

Kriteriar/Vilkår

Kriterium for omsorgsovertaking kan vere at

  • det er alvorlege manglar ved den daglege omsorgen som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling
  • foreldra ikkje sørgjer for at eit sykt, funksjonshemma eller spesielt hjelpetrengande barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
  • barnet blir mishandla eller utsett for andre alvorlege overgrep i heimen
  • det er overveiande sannsynleg at barnet si helse eller utvikling kan bli alvorleg skadd fordi foreldra er ute av stand til å ta tilstrekkeleg ansvar for barnet

Anna informasjon

Send søknaden til:

KONTAKTINFORMASJON
Tenestetorget
Telefon: 35 06 23 00
Telefaks: 35 06 23 01
Epost:
  tenestetorget@vinje.kommune.no
Postadresse:
  Vinjevegen 192
  3890 Vinje
Besøksadresse:
  Kommunehuset
  3890 Vinje