Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Støttekontakt


Generelt

Du kan søkje om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller komme ut av eit isolert tilvære. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen. De møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er dine interesser og behov som avgjer. Tenesta kan gjevast individuelt eller i gruppe.

Målgruppe

Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem

Kriteriar/Vilkår

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.

Anna informasjon

Fritid for alleHåndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunen

Send søknaden til:

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken.

KONTAKTINFORMASJON
Tenestetorget
Telefon: 35 06 23 00
Telefaks: 35 06 23 01
Epost:
  tenestetorget@vinje.kommune.no
Postadresse:
  Vinjevegen 192
  3890 Vinje
Besøksadresse:
  Kommunehuset
  3890 Vinje