Abortsøknad - før tolvte svangerskapsveke
GenereltAbortlova gjev deg rett til å krevje ("begjære") abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka (84 dagar). Søknad om å få utført abort framset du gjennom ein lege eller eit sjukehus som er godkjent for å utføre svangerskapsavbrot. Legen skal informere deg om korleis inngrepet blir gjennomført og om eventuelle komplikasjonar som kan oppstå. Du treng ikkje å grunngje valet ditt, og du vel sjølv om du vil motta rettleiing eller råd.
Legen skal også gje deg informasjon om den støtta samfunnet gjev dersom du ønskjer det.
MålgruppeGravide som ønskjer abort.
Kriteriar/VilkårGraviditet innanfor den tolvte svangerskapsveka (84 dager). Du må framsetje krav ("begjæring") om å få utført abort gjennom ein lege eller eit sjukehus som er godkjent for å utføre svangerskapsavbrot.
Anna informasjonStiftelsen Amathea - gratis veiledning
SøknadsfristPrinsippet om sjølvbestemt abort gjeld berre før du er inne i den tolvte svangerskapsveka.
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
SakshandsamingstidSjukehuset skal behandle kravet ("begjæringa") og utføre inngrepet så raskt som mogleg.
Høve til å klageDet er kvinna sjølv som tar den endelege avgjerda.