Rådgiving i skolen
GenereltPå den skolen du går, skal det vere eit tilbod om rådgiving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skolen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgiving). Skolen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dem. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgivingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgivinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.
Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skolen og integrere etniske minoritetar.
MålgruppeElevar i grunnskole og vidaregåande skole
Kriteriar/VilkårRådgivinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skolen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.
Anna informasjonSend søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no