Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Økonomisk rådgiving


Generelt

Kommunen gir økonomisk rådgiving til dei som har betalingsproblem eller gjeldsproblem. Rådgivinga kan vere hjelp til å setje opp eit realistisk budsjett, men kan også vere forhandling med kreditorar og hjelp til å inngå ei gjeldsordningsavtale. NAV har òg oppretta ei landsdekkjande telefonteneste som skal gje ei enkel rettleiing (sjå lenka i brosjyrefeltet).

Gjeldsrådgjevinga i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom alle kommunane. Ei fast stilling på 60 prosent blir betala av kommunane etter ei fordeling i forhold til innbyggartalet. 

Gjeldsrådgjevar Berit Valhovd, møter folk til samtale på Nav kontoret i den kommunen dei bur. Ho er å treffe tysdag, onsdag og fredag
Saksgangen er ofte slik:

  • Gå igjennom alle papira som dokumenterer både inntekter, utgifter og gjeld.
  • Finne ut kva mogleheta og kva begrensingar ein står ovanfor?
  • Kontaktar kreditorar og informerar om den vanskelege økonomiske situasjonen vedkommande er i, og ber om betalingsstopp eller utsetting.
  • Vidare må vi sjå på kvardagssituasjonen og setje opp budsjett for ikkje å opparbeide ytterlegare gjeld.
  • Herfrå arbeidar vi mot eit mål vi set oss om for eksempel refinansiering, nedbetalingsavtaler eller eventuelt en gjeldsordning.
Målgruppe

Personar med økonomiske problem / gjeldsproblem

Kriteriar/Vilkår

Du skal sjølv etter beste evne prøve å komme fram til ei ordning med fordringshavarane.

Anna informasjon

Send søknaden til:

NAV Vinje
3890 Vinje

Sakshandsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd.

KONTAKTINFORMASJON
Tenestetorget
Telefon: 35 06 23 00
Telefaks: 35 06 23 01
Epost:
  tenestetorget@vinje.kommune.no
Postadresse:
  Vinjevegen 192
  3890 Vinje
Besøksadresse:
  Kommunehuset
  3890 Vinje