Kommunal planlegging - medverknad
GenereltDu har rett til å uttale deg i saker som gjeld kommunal planlegging. Kommunen skal arbeide for å få størst mogleg offentlegheit og reell medverknad i planarbeidet. Særleg har kommunen eit ansvar for å sørgje for å få innspill frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge. Tidleg i planprosessen bør kommunen bestemme korleis denne medverknaden skal skje.
Kommunen skal utarbeide desse planane:
- Kommunal planstrategi (strategiske val knytta til samfunnsutviklinga)
- Kommuneplan (overordna plan for utvikling av kommunesamfunnet og for bruk og vern av areal i kommunen)
- Reguleringsplan (arealplankart med avgjerder som fastlegg bruk og vern i bestemte område)
MålgruppeAlle som blir berørte av dei planane som blir utarbeidde, slik som organisasjonar, brukergrupper, næringsliv og enkeltpersonar.
Anna informasjonSend søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
Høve til å klageDet er ikkje høve til å klage på planstrategi eller kommuneplan som kommunen har vedteke. Du kan derimot klage på reguleringsplanen som kommunen har vedteke, dersom saka gjeld deg direkte eller dersom du har interesser som får følgjer for planen. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom vedtaket i kommunen blir ståande, blir saka sendt vidare til fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.