Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
GenereltEr du eigar av ein eigedom med jordbruksareal, har du plikt til å sørgje for at jorda blir driven i heile eigartida. Driveplikta kan oppfyllast ved at du sjølv driv arealet eller leiger bort arealet som tilleggsjord til ein annan landbrukseigedom for minimum 10 år om gongen. Er du ny eigar, må du innan eitt år ta stilling til om du ønskjer å drive arealet sjølv eller leige det bort. For å få fritak frå driveplikta, må du sende søknad til kommunen. Kommunen kan gi fritak for ei viss tid eller varig. Det kan også stillast vilkår for fritaket.
MålgruppeEigarar av jordbruksareal (som omfattar fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite)
Kriteriar/VilkårKommunen vil leggje vekt på:
- Kor viktig det er å halde jordbruksarealet i hevd
- Arealets storleik og avkastningsevne
- Om det er bruk for jordbruksarealet som tilleggsjord i det området der eigedomen ligg
- Søkjarens livssituasjon
Anna informasjonSøknadsfristInnan eitt år frå overtakingsdato.
Send søknaden til:Vinje kommune
Vinjevegen 192
3890 Vinje
postmottak@vinje.kommune.no
SakshandsamingstidKommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg beskjed om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det er venta at vedtaket blir fatta.
Høve til å klageBåde du som søkjar og andre med rettsleg klageinteresse kan klage viss du eller de er misnøgde med vedtaket. Fristen er tre veker frå vedtaket er motteke. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som avgjer om klaga skal takast til følgje.