Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kommunale hytter - Berunuten Vest

Vinje kommune er eigar av den store fjelleigedomen Berunuten Vest som ligg nord for Songavatn. Eigedomen på omlag 90 000 daa kjøpte Vinje kommune av brukseigar Treschow i 1979.

Med dette kjøpet ville kommunen opne ein bit av dei store fjellviddene for bruk til jakt, fiske og anna friluftsliv for ålmenta. Desse områda var, og er, for ein stor del private og utanbygds eigde. Sportsfiske, småviltjakt, friluftsliv, delar av storviltjakta samt dei 7 hyttene på eigedomen er tilgjenge for alle.

På eigedomen er det 7 hytter + uthus som står opne.

Hyttene har ved, propan, kokeutstyr og dekketøy.  Personleg utstyr, som sovepose/mat m.m.,  må du sjølv ha med deg. Betaling for overnatting må du gjera på den einskilde hytta eller du kan ta med giro som ligg på hytta. Merk innbetaling med "overnatting Berunuten Vest" og betal inn til konto: 2717 07 00037.
Prisar finn du her.

Det er vedtekne reglar for bruk av hyttene, dei går på å bruke sunt folkevett og vise omsyn til andre. 

NB! Alle skal skrive seg inn i besøksprotokollen med det same dei kjem til hytta.

Berunuten gamlestoga Smerheller Fjarefithytta Glaimane 
Berunuten (gamlestoga)
120 m2 - 12 sengeplassar 
Smerheller
75 m2 - 7 sengeplassar 
Fjarefit
60 m2 - 10 sengeplassar 
Glaimane
50 m2 - 14 sengeplassar 

Bamsebu  Hellevatn  Fougnerhytta 
Bamsebu
25 m2 - 4 sengeplassar 
Hellevatn
30 m2 - 6 sengeplassar 
Fougnerhytta
50 m2 - 5 sengeplassar 

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk