Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Byggesak

I Vinje er byggesakshandsamarane tilknytt Tenestetorget.

Har du spørsmål om byggesaker, kontakt Tenestetorget på tlf 35 06 23 00. Dei kan rettleie deg og eventuelt setje deg over til rett person.
Vil du møte ein byggesakshandsamar, er det lurt å avtale tid på førehand. Kontakt Tenestetorget pr telefon eller epost postmottak@vinje.kommune.no.

tettpå:Vinje
Korleis sikrar du deg seriøse handverkarar ?


Slik kan du levere byggesøknaden din:
For enkel og effektiv behanling av byggesøknaden er det viktig at du leverer ein komplett søknad på ein av desse måtane:

1.    Papir 
Du kan få søknadspapir på Tenestetorget eller du kan skrive dei ut her (krev ikkje pålogging) - desse fyller du ut og sender pr post til Vinje kommue, Vinjevegen 192, 3890 Vinje

2.    E-post
Du kan gjerne sende inn byggesøknaden på e-post til postmottak@vinje.kommune.no - søknad som hovuddokument og kvart vedlegg for seg sjølv for enklast behandling.  

3.    Elektronisk 
Du kan også nytte ByggSøk for utfylling og levering av byggesøknaden din.

Tak gjerne kontakt om du lurar på noko.

Byggesaksblankettar (krev ikkje pålogging)
Byggesaksgebyr

 

1. Byggetiltak som ikkje krev søknad eller løyve jf plan- og bygningslova § 20-5
Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan kommunal sakshandsaming dersom dei elles er i tråd med gjeldande plan. Men nokre viktige føresetnader må vera oppfylt. Dersom eit byggetiltak fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnaden  eller allmenne interesser, vil ikkje vilkåra for unntak vera oppfylt. 
Klikk her for meir informasjon

2. Byggetiltak der tiltakshavar sjølv kan stå ansvarleg jf plan- og bygningslova § 20-4
Denne søknadstypa har ikkje så omfattande krav til dokumentasjon og sakshandsaming som ein full søknad. I desse sakene har tiltakshavar sjølv eit ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav som er gjeve med heimel i plan- og bygningslova. Avhengig av tiltakets vanskegrad og eigen kompetanse, kan det være nødvendig med byggfagleg bistand. Dei vanlegaste tiltaka som er omfatta av denne type søknadar er mindre uthus, garasjar og tilbygg. 
Klikk her for meir informasjon

3. Byggetiltak som krev full søknad med ansvarlege føretak jf plan- og bygningslova § 20-3
I dei tiltaka som ikkje er nemnde under pkt. 1 og 2, skal ein levere fullstendig søknad. Slike søknader skal sendast inn av profesjonelle aktørar som skal ha nødvendig kunnskap om plan- og bygningslovas reglar. 
Kommunen krev at slik kunnskap dokumenterast gjennom utdanning og praksis, eller ved at det føreligg sentral godkjenning. Det er og krav til slik dokumentasjon for prosjektering, utføring og kontroll av byggetiltak som er søknadspliktig.
Klikk her for meir informasjon

4. Energimerking 
Alle bustadar, hytter og fritidseigedomar må energimerkast før dei vert lagt ut for sal. Ved utleige må hytta/fritidseigedomen merkast om ein skal bruke denne meir enn fire månadar i året. Les meir her 

Enklare byggereglar frå 1. juli 2015

Endringane i plan- og bygningslova medfører bl.a. at ein del tiltak som ein tidlegare måtte byggesøke, no vert søknadsfrie.
Føresetnaden for at ein ikkje treng å søkje er at tiltaka er i tråd med vilkåra i dei nye reglane, samt at tiltaket må vere i tråd med gjeldande reguleringsføresegner for det aktuelle byggeområdet. I tillegg må tiltaket vera i tråd med føringar frå andre styresmakter t.d. Statens Vegvesen, kulturminnevern osb.

Du kan finne meir informasjon her

Informasjonsark om nye byggereglar


Enklare å bygge om og leige ut eigen bustad frå 1. januar 2016

Det vert enklare å gjere om bod, loft og kjellar til opphaldsrom. Føresetnaden er at romma er inne i bustaden og at bustaden er frå før 1. juli 2011.
Meir informasjon finn du her og du kan også finne her.



  • Buplikt ved kjøp av eigedom

  • Bustadtilskot til etablering

  • Bustønad

  • Eigedom - kjøp i område med buplikt (nedsett konsesjonsgrense)

    Generelt

    Buplikt betyr ei plikt til å busetje seg på ein eigedom eller eit hus som du eig. Det er kommunen som fastset om eit område skal ha buplikt. Dersom du ønskjer å kjøpe eit bustadhus i eit område med buplikt, og du ikkje vil bruke huset som heilårsbustad, må du søkje om konsesjon (løyve).

    Dersom du ønskjer å kjøpe eit bustadhus og du ikkje vil forplikte deg til å nytte eigedommen som heilårsbustad av deg sjølv eller andre, må du søkje om konsesjon. Kommunen ønskjer å leggje til rette for levande lokalsamfunn og sikre busetjinga ved at bustadeigedommar i størst mogleg grad blir nytta som heilårsbustader.

    Målgruppe

    Bustadkjøparar i område med nedsett konsesjonsgrense (buplikt)

    Vilkår

    Du må søkje konsesjon ved kjøp av:

    • Utbygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
    • Eigedom med bustadbygging som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, i område som er regulert til bustadføremål (gjeld også eigedom med busetnad under oppføring
    • Tomt utan oppført bustad som er regulert til bustadføremål

    Pris


    Kontaktavdeling

    Tenestetorget

    Telefon35 06 23 00
    E-postpostmottak@vinje.kommune.no
    Nettadressehttp://www.vinje.kommune.no/
    PostadresseVinjevegen 192, 3890 VINJE
    BesøksadresseKommunehuset, Vinjevegen 192

    Lovar og retningsliner

    Sjå spesielt konsesjonslova §§ 5, 7, 10 og kapittel 5.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Du sender søknad om konsesjon til kommunen. Søknaden skal mellom anna innehalde opplysningar om kjøparen, eigedommen og formålet med kjøpet.

    Skjema

    Skjema SLF-359

    Søknadsfrist

    Innan fire veker etter at avhendinga er gjort eller at du har fått råderett over eigedommen

    Søknadmottakar

    Vinje kommune
    Vinjevegen 192
    3890 Vinje

    postmottak@vinje.kommune.no

    Behandling

    Kommunen vil gjere eit vedtak. Forhold som vil bli vurderte, er mellom anna 

    • Kor eigedommen ligg og om området eigedommen ligg i er eit utprega fritidsområde
    • Kor lang tid det er gått sidan eigedommen blei brukt som heilårsbustad og kor lenge han blei brukt som heilårsbustad
    • Om ein kan rekne med at andre vil kjøpe eigedommen for å bruke han som heilårsbustad

    Innvilga konsesjonssøknad skal følgje skøytet til tinglysing for at du skal få heimel på eigedommen.

    Behandlingstid

    Kommunen skal behandle saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst når du kan vente at vedtaket vil bli gjort.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

  • Grunnlån

  • Startlån bustad

  • Utbetring/tilpassing av bustad - tilskot

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk