Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Private og offentlege vassverk skal taka rutinemessige prøver av vatnet. Det er og høve til å få analysert eige privat drikkevatn.

    Slik tek du vassprøve
    - Vassprøva bør vera på min. 0,5 liter. Prøveflasker og skjema får du på Tenestetorget og på www.fjellab.no

    - Vask hendene godt og tørk dei med tørkepapir.

    - La vatnet renne i minimum 3 minutt, slik at vatnet som stod i stikkledningen fram til krana er tappa ut. (Det er viktig å ha rutiner for reingjering av sil eller anna som er fest til krana slik at vatnet ikkje blir forureina når det passerer for eksempel silen. Silen kan evt. takast av før prøva vert teken).

    - Hald langt nede på prøveflaska med den eine handa og fjern lokket med den andre handa. Flaskemunningen og den delen av lokket som kan koma i berøring med vassprøva, skal ikkje rørast med hender eller noko anna.

    - Fyll opp flaska med vatn. Skru på korken att utan å røre innsida på korken eller flaskemunning og hals.

    - Fyll ut skjema for prøvetaking. Dette gjeld som bestilling av analysa. Hjelp til valg av analyser kan du få hos Fjellab.

    - Prøva kan då sendast til Fjellab innan eitt døgn. Prøva skal oppbevarast kjølig.

    Innlevering av prøve

     

    Søknadsprosessen

    Skjema

    Følgjeskjema til vassprøve

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk