Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Generelt

    Kulturårshjulet
    Basert på Intensjonsavtaler med lag og organisasjonar. Avtalene er treårige. Avtalene set rammer for innhald, tid og støtte.
    Kvart tredje år vert avtalene fornya/endra, og ein tar stilling til nye aktuelle samarbeidspartar.
    Avtalene er meint å virke til:
    ·       Å gjera ”kulturåret” tydlegare og meir forutsigbart både for arrangørar og kultureining.
    ·       breidde i tema
    ·       breidde i målgrupper
    ·       aktivitet i ulike delar av kommunen
    ·       hindre at gode tiltak og tilbod kjem på same tid/stad.
    ·       gjera det enklare for eingongsaktørar og finne lagleg tid
    ·       at resursbruken vert tydeleg for eining og politikarar
    ·       fagleg gyldige argument for kva ein vel å støtte

    Støtte til prosjekt, tiltak, arrangement av alle storleikar etter søknad
    Søknaden må innehalde programide, målgrupper, kostnadsramme.  Det er ikkje søknadsskjema for denne støtteordninga.

    Støtte til lag etter politiske vedtak
    Idrettslaga kr 50.000 kvar årleg.
    Det er ikkje søknadsskjema for denne støtteordninga.

    Kultur- og idrottstipend
    Det er sett av kr 50 000 til kultur- og idrottstipend i Vinje. Målgruppa er utøvarar innan kultur og idrott mellom 16-25 år, og som har heimeadresse i Vinje kommune. Det delast ut eit kulturstipend og eit idrottstipend på 25 000 kvar.

    Søknadsprosessen

    Skjema

    Søknadsfrist

    Kultur- og idrettsstipend: 15. november

    Søknadmottakar

    Vinje kommune
    Vinjevegen 192
    3890 Vinje

    postmottak@vinje.kommune.no 

     

     

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk