Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Musikktiltak lokale

    Generelt

    Kven kan søke støtte?
    Støtta rettar seg til ikkje kommersielle, økonomisk ansvarlege arrangørar i Vinje. Turneleggar eller enkeltperson/privatperson kan ikkje søke.

    Kva gjev me støtte til?
    De kan søke støtte til offentlege konsertar, dvs. at det er lyst ut og tilgjenge for allment publikum.
    Støtta blir gjeven til dekning av tilskiparen sine utgifter til brutto honorar (honorar, reise, diett og opphald) til utøvarar.
    Tilskipar må sjølv syte for å søke Tono om løyve til å halde konserten og betale tonoavgifta.
    Me forutset eit klart skilje mellom tilskipar og engasjert utøvar.

    Tilskotsform og satsar.
    Tilskott blir gjeve som støtte.
    Tilskott blir gjeve til honorar til utøvarar. Støtta er 50% av brutto honorar inntil kr. 4000.- dvs. maksimum støtte er kr. 2000.-

    Kvote.
    Me klarar ikkje på dette budsjettet å innfri alle søknadane, så me må ha ei rimeleg spreiing av midlane. Me må ha ein regel på 4 tilsagn pr. tilskipar pr. år.
    Konsertar som får støtte gjennom ”Kulturårshjulet” får ikkje denne støtta i tillegg.

    Søknadsprosessen

    Søknadsfrist

    Skriftleg søknad med turvande opplysningar 4 veker før konsertdato.
     

    Søknadmottakar

    Vinje kommune
    Vinjevegen 192
    3890 Vinje

    postmottak@vinje.kommune.no 

     

     

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk