Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jordmor - svangerskapsomsorg

Velkomen til svangerskapskontroll hos jordmor på helsestasjonen i Åmot

Jordmor er på kontoret stort sett ein langdag kvar veke, men det er ikkje faste dagar då jordmor også er ein del av vaktsamarbeidet i Vest-Telemark. 
Jordmor vil gje deg ein god svangerskapsomsorg og ynskjer å skape ei fin forventning fram mot fødselen og til den nye foreldrerolla. Det blir sett av god tid til svangerskapskontroll, samtale, informasjon og undervisning. Alle gravide har ulike behov og me prøvar å tilretteleggje omsorgen slik du ynskjer. Ved fyrste timeavtale får du bøker og informasjonsbrosjyrer.

Sjølve svangerskapskontrollane inneheld                     

  • BT
  • Urinkontroll                                                                                                                     
  • Rekvirere blodprøver 
  • Vekt                                                
  • Lytte til barnets fosterlyd 
  • Måle korleis barnet veks i magen
  • Jordmor kan også henvise til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for dette og utføre graviditetstest

Foredreførebuande kurs/undervisning inneheld samtale om

  • Ventetida
  • Amming
  • Fødsel
  • Barseltida

For dei som ynskjer det tilbyr jordmor akupunktur for svangerskapsrelaterte plager og modning før fødsel.

I svangerskapet er det frivillig å gå til jordmor eller lege eller vekselvis begge.

For timebestilling kontaktar du jordmor direkte på tlf 409 07 794.

Du vil får god informasjon om føde/barselavdelinga i Skien. Jordmor kan også bestille time til omvisning. Dersom du har ynskje om ein annan fødestad formidlar jordmor kontakt dit. Alle i Vinje kommune har tilbod om fylgjeteneste til fødeavdelinga i Skien.


Jordmorberedskap i Vest-Telemark.

Det er døgnkontinuerleg jordmorvakt i Seljord som du kan kontakte ved akutte ting i svangerskapet eller barseltida og ved fødselstart. Telefon 35 02 16 24. Klikk her for meir info om jordmorberedskap i Vest-Telemark.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk