Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Flytting til Vinje

Kommunen ynskjer å motivere studentar til å melde flytting til Vinje kommune, slik at me kan gje studentane enda betre servicetilbod og tenester under heile studietida.
Kvart år vil det vera ein kampanjeperiode i tidsrommet 1. august – 1. november.

Studentar som melder flytting til Vinje i kampanjeperioden får anten 

- eit gåvekort til kjøp av sykkel og hjelm på kr 7 000,-

eller

- eit tilskot til kjøp av pc til bruk i utdanninga på kr 7 000,-

Kriterier for å få tilskot er: 

• Du må vere student og kunne legge fram gyldig studentbevis
• Du må ha meldt flytting frå ein annan kommune til Vinje kommune etter 1. august det aktuelle året, og må kunne
  legge fram flyttemelding frå Skatteetaten om ny adresse i Vinje kommune.
• Du forpliktar deg til å ha bustadadresse i Vinje kommune under heile studietida
• Registreringsfrist: 1. november det aktuelle året.

I tillegg til å betre rammene for økonomisk tenesteyting vil studentane lettare kunne engasjere seg lokalpolitisk, samt ha stemmerett i Vinje.
Frivillig arbeid er eit anna område som det hadde vore gunstig å fått ei tettare tilknyting mellom studentar og lokalsamfunn på. Kommunen skal også gjere undersøkingar om det er mogleg å få til studentpris på ulike fritidstilbod og aktivitetar.,-

Slik melder du flytting til Vinje kommune

  1. Gå inn og registrer flytting via nettsidene til Skatteetaten
  2. Etter omlag ei veke vil du motta brev frå Skatteetaten om at di nye adresse er registrert
  3. Fyll ut registreringsskjema og send denne, sammen med bekreftelse på flytting og gyldig studentbevis til postmottak@vinje.kommune.no

Registreringsskjema

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk