Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Legetenester

På www.vinjelegekontor.no finn du informasjon om legane, opningstider og brosjyre om bruk av legevakt. Dersom du skal bu i kommunen over tid, tilrår me at du får ein fastlege her. På www.helsenorge.no kan du lese korleis du kan byte fastlege. Som student har du rett til å få tilbake din fastlege i heimkommunen innan tre år, sjølv om denne har full liste. Viss du ikkje er norsk statsborgar kan du ikkje få tildelt fastlege. Kontakt studentsamskipnaden for informasjon om særlege rettar.                                                                                                                                       
Alle har rett til å få øyeblikkeleg hjelp. Tokke - Vinje legevakt held til på Vinje legekontor, 1.etasje Vinje Helsesenter Vinjevegen 212, Åmot.                                                                                                  
Nasjonalt legevaktsnummer (døgnope): 116 117 
Ved alvorleg skade/akutt sjukdom - ring medisinsk nødtelefon 113.

Psykisk helse og rus

Dersom du har behov for oppfølging som gjeld handtering av psykisk helse eller rus utover Studentsamskipnaden sitt tilbod om samtaleteneste, kan du vende deg til fastlegen som kan tilvise vidare.

Kurs i nærverstrening og stressmeistring

Vinje kommune tilbyr kveldskurs i nærverstrening og stressmeistring for studentar ved USN Rauland. Kurset er basert på Mindfulness-based stress reduction (MBSR) og Mindfulnessbased Cognitive Therapy (MBCT). For nærare informasjon og påmelding: astrid.marie.kvaal@vinje.kommune.no mobil 409 03 661.

Friskliv og trening

Friskliv og meistring har mange aktivitetar, sjå timeplan på kommunen si heimeside. For studentar kostar sesongkort til styrkerom/ gruppetrening i Raulandshallen 
kr 275,-. Kort kan betalast med VIPPS (til 108935) og hentast på tenestetorget på kommunehuset i Åmot eller frå instruktør.

Fysioterapi

Ved behov for fysioterapi kan ein ta direkte kontakt med fysioterapitenesta i kommunen på tlf 40 90 36 66 eller fysioterapeut på Rauland på tlf 955 53 449. Eigenandel etter offentlege takstar.

Helsestasjon for ungdom

Ved Åmot helsestasjon kan alle mellom 13 og 25 år få rådgjeving knytt til prevensjon, graviditetstest, nødprevensjon og prøver for seksuelt overførbare infeksjonar.    Opningstider: Måndag kl 15-16 (utanom skuleferiar), tlf 35 06 25 24. Ingen timebestilling.  Utanom opningstid kan du ta kontakt på mobil 906 53 031/917 19 034. Tilbodet er gratis.

Tannhelsetenester

Tannklinikken Vinje er kommunen si offentlege tannhelseteneste og held til i 2 .etasje på Vinje Helsesenter i Åmot. 19 og 20 åringar som er heimebuande i Telemark Fylke, får tilbod om behandling til 25 % av offentlege takstar. Tlf 35 07 24 80                                                                                         
Rauland tannlegekontor driv privat tannlegepraksis lokalisert i Rauland. Tlf 35 07 33 05.

  • eBillett
  • Fjellnettverket
  • Val
  • visithaukeli logo
  • visitrauland logo
  • VisitVinje Logo
  • nasjonalparkkommune logo

vinje.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke vinje.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk